Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Ole-martin Endresen

29. september 2020

Vi er glade for at Ole-Martin som har vore vikar hos oss sidan 2017 fortsetter i sin stilling inntil vidare.  

Ny lege ved kontoret

29. september 2020

Det er hyggelig å ønske Tanita Kulow velkomen som vikar hos oss for Sigurd Vålandsmyr Holen. 

 

OPPDATERT INFORMASJON OM KORONAVIRUSET OG ÅPNING AV BARNEHAGER/SKULE

28. februar 2020

Følg med på kommunens hjemmeside for oppdatert og viktig informasjon om Koronaviruset:

Hareid Kommune: Viktig informasjon om Koronaviruset

 

Informasjon til befolkningen. 

Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på fhi. no og helsenorge.no.

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55015.

Dersom du har symptom på luftveisinfeksjon og mistanke om at du er smitta av Korona, RING OSS på tlf 70 30 70 70 i ordinær åpningstid. (0800-1500).

Kun om du får så sterke symptom på infeksjon at du meiner du ikkje kan vente til ordinær åpningstid kan du ringe legevaktformidling tlf 116 117.

DET ER SVÆRT VIKTIG AT DU RINGER OG IKKJE MØTER PÅ LEGEKONTORET MED MISTENKT SMITTE!!

Nytt telefonnummer

17. oktober 2019

 

Hareid legesenter har nytt telefonnummer

                         70 30 70 70

GYNEKOLOGISK UNDERSØKELSE - SPØRSMÅL OM KVINNELIG LEGE

5. januar 2018

Det er mange som ønskjer time med kvinnelig lege hos oss for til dømes gynekologisk undersøkelse. Dette har vi ikkje kapasitet til per dato. Ein må dermed nytte eigen fastlege, alternativt kan ein bestille time hos privat gynekolog. FRISK-senteret på Moa har to kvinnelege gynekologar. Der kan ein bestille time sjølv direkte, utan henvisning frå fastlege. Prisen ligg noko høgare hos private enn hos fastlegen.

Rett til innsyn i pasientjournalen din

20. mars 2017

Her ved Hareid Legekontor benytter legene felles journalsystem for bedre å kunne yte helsehjelp til deg når du trenger det.

Din pasientjournal er en samling av opplysninger om helsehjelp du har fått. Hvert behandlingssted hvor du har fått helsehjelp, for eksempel sykehus eller fastlegekontor, skal opprette en pasientjournal.

Du har rett til å få innsyn i journalen din, og hvis du ønsker det kan du også få forklart ord og uttrykk som er vanskelige å forstå. Du har også rett til å få vite hvem som har hatt tilgang til pasientjournalen din, og hvem som har fått utlevert opplysninger fra den.

Du kan finne mer om dine rettigheter i forhold til din pasientjournal her:

www.helsenorge.no

Bestilling av resept via app fra Helserespons

22. september 2015

Pga ein feil i systemet har det ikkje vore mulig å bruke funksjonen "resept" i denne appen. Det har vore berre "legetime" og "andre henvendelser" som har fungert, men no er dette retta opp i. App'en kan lastast ned gratis i App Store og Google Play. Ved bruk kostar det kr. 6.- per mottatte melding du får.

 

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

3. september 2015

Legevaktssentralen.png

Frå 1. september 2015 er det nytt nasjonalt legevaktnummer. Heile landet får same sekssifra telefonnummer for legevakt: 116117 (uttalast hundreogsekstenhundreogsytten).

Dersom du ringer 116117 blir du ruta til den lokale legevaktsentralen. Her i distriktet kjem du til kommunane sin eigen legevaktsentral Akuttmottaket, ved Volda Sjukehus.

Følg lenke for meir informasjon.

Medisinstudentar ved kontoret

26. august 2015

Hareid legesenter samarbeider med NTNU og tek kvar haust imot medisinstudenter på 6.år for praksis med veiledning av dei faste legane ved kontoret. 

 

 

KJERNEJOURNAL

6. juli 2015

Frå 15. august vil kjernejournal vil vere tilgjengelig for innbyggjarar i Hareid kommune.

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Ho samlar helseopplysningar, noko som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før.

Kjernejournal inneheld informasjon frå offentlege register, kritisk informasjon registrert av legen din og opplysningar du sjølv legg inn.

Desse opplysningane kan du sjå i kjernejournalen din:

  • dine eigne registreringar
  • kritisk informasjon
  • legemiddel
  • besøkshistorikk frå sjukehus
  • logg over kven som har gjort oppslag i kjernejournalen din

 

Kjernejournal erstattar ikkje journalar du har hos fastlegen eller på sjukehus, men er eit viktig supplement, særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

Kjernejournal bidreg til tryggare behandling og kan redde liv.

 

Følg lenke for meir informasjon.

Chlamydiatest i urinprøve

12. januar 2006

Chlamydia er ein infeksjon i underlivet som hos kvinner ikkje treng gi symptom, men likevel kan gi alvorlege konsekvensar som skade på eggledarar og problem med å bli gravid. Tidlegare var det nødvendig å gjere underlivsundersøking hos kvinner eller føre ein pensel opp i urinrøret hos menn for å ta prøve til påvising av denne infeksjonen. No kan det gjerast i ei urinprøve uten at det er naudsynt med legetime. Urinprøva må takast i eit reint plastbeger og det må gå minst ein time etter siste vannlating før prøva blir tatt. Prøva kan takast på legekontoret eller heime, men den må innleverast seinast 6 timar etter prøvetaking for å gjerast klar til vidare forsending og analyse.

Chlamydiainfeksjon overførast ved samleie. Ein tilrår testing for chlamydia i samband med bytte av partner sjølv om ein ikkje har symptom.

TIMEBESTILLING VIA SMS

5. januar 2006

Vi har no fått timebestilling via SMS, meir informasjon om dette finn du i kolonna til høgre.