Senteret sitt bannerbilde

Hareid Legesenter

Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakta med oss så enkel som råd.

Når du ringer er det viktig at du fortel helsesekretærane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg, og dei må også prioritere kva telefonar legane må ta.

Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og derfor av og til ein del ventetid. Dersom det er samtalar som hastar svært mykje, så kan du ringe legevaktsentralen 116 117. Dei har ei direkte linje inn til oss.

Du kan også bestille time, fornye reseptar og liknande via SMS. Sjå ramma til høgre.

Du kan også gratis laste ned Helserespons sin app frå App Store eller Google Play og sende melding til oss via den. Der kan du også legge inn barn eller andre du vil bestille time eller resept til.

Korona - Dersom du får positivt svar på hurtigtest skal du gjere følgande:

Er du over 16 år og har hatt covid dei siste tre månadene eller har fått 3. dose med vaksine:

Sjå forøvrig Hareid Kommune si samleside om Korona:

https://www.hareid.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/korona/



Aktuelt

CAMILLA BERG NATVIK

22. september 2022

Fastlege Camilla Berg Natvik har sagt opp stillinga si ved Hareid legesenter. 

Det er vikar for pasientane på lista. 

LISTE UTEN FASTLEGE

19. august 2022

Det er beklagelig at det ikkje er på plass fastlege for pasientar på denne lista.

Hareid kommune jobber med å få på plass dette.

Inntil vidare vil det bli korttidsvikarer som betjener lista.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du står på denne lista og har behov for helsehjelp. Vi hjelper deg.

VI FLYTTER TIL HELSEHUSET

30. april 2021

VI FLYTTER FRÅ HJELLEBAKKEN TIL NYE HELSEHUSET I HJERTET AV HAREID. 

NY ADRESSE ER KJØPMANNSGATA 16, 6060 HAREID

INNGANG PÅ OPPSIDA AV HUSET (MOT "ROSAHUSET")

VI HELD TIL I 3. ETASJE. 

VI STARTER OPP I DEI NYE LOKALA MANDAG 3. MAI 2021

CAMILLA BERG NATVIK

29. september 2020

Ho har vikar på lista. 

Nytt telefonnummer

17. oktober 2019

 

Hareid legesenter har nytt telefonnummer

                         70 30 70 70

GYNEKOLOGISK UNDERSØKELSE - SPØRSMÅL OM KVINNELIG LEGE

5. januar 2018

Det er mange som ønskjer time med kvinnelig lege hos oss for til dømes gynekologisk undersøkelse. Dette har vi ikkje kapasitet til per dato. Ein må dermed nytte eigen fastlege, alternativt kan ein bestille time hos privat gynekolog. FRISK-senteret på Moa har to kvinnelege gynekologar. Der kan ein bestille time sjølv direkte, utan henvisning frå fastlege. Prisen ligg noko høgare hos private enn hos fastlegen.

Rett til innsyn i pasientjournalen din

20. mars 2017

Her ved Hareid Legekontor benytter legene felles journalsystem for bedre å kunne yte helsehjelp til deg når du trenger det.

Din pasientjournal er en samling av opplysninger om helsehjelp du har fått. Hvert behandlingssted hvor du har fått helsehjelp, for eksempel sykehus eller fastlegekontor, skal opprette en pasientjournal.

Du har rett til å få innsyn i journalen din, og hvis du ønsker det kan du også få forklart ord og uttrykk som er vanskelige å forstå. Du har også rett til å få vite hvem som har hatt tilgang til pasientjournalen din, og hvem som har fått utlevert opplysninger fra den.

Du kan finne mer om dine rettigheter i forhold til din pasientjournal her:

www.helsenorge.no

Bestilling av resept via app fra Helserespons

22. september 2015

Pga ein feil i systemet har det ikkje vore mulig å bruke funksjonen "resept" i denne appen. Det har vore berre "legetime" og "andre henvendelser" som har fungert, men no er dette retta opp i. App'en kan lastast ned gratis i App Store og Google Play. Ved bruk kostar det kr. 6.- per mottatte melding du får.

 

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

3. september 2015

Legevaktssentralen.png

Frå 1. september 2015 er det nytt nasjonalt legevaktnummer. Heile landet får same sekssifra telefonnummer for legevakt: 116117 (uttalast hundreogsekstenhundreogsytten).

Dersom du ringer 116117 blir du ruta til den lokale legevaktsentralen. Her i distriktet kjem du til kommunane sin eigen legevaktsentral Akuttmottaket, ved Volda Sjukehus.

Følg lenke for meir informasjon.

Medisinstudentar ved kontoret

26. august 2015

Hareid legesenter samarbeider med NTNU og tek kvar haust imot medisinstudenter på 6.år for praksis med veiledning av dei faste legane ved kontoret. 

 

 

Les flere nyheter