DET VERT VAKSINERING PÅ HADARTUN

ONSDAG 1. NOVEMBER OG TORSDAG 9. NOVEMBER KL 0900-1200.

VAKSINA KOSTAR KR 150,-.

 

Anbefaling om influensavaksine for sesongen 2017/2018

Følgande personar har økt risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og anbefalast derfor influensavaksine:

 

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine.
  • Born og voksne med:

o   diabetes mellitus, type 1 og 2

o   kronisk lungesjukdom (inkludert astma)

o   kronisk hjarte-/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt,

o   kronisk leversvikt

o   kronisk nyresvikt

o  kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet

o   nedsett immunforsvar

o   svært alvorleg fedme (KMI over 40)

o   annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege                                                                                                            

 

I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjende grupper, primært for å beskytte andre (indirekte beskyttelse):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

 

SANITETEN STILLER VELVILLIG MED KAFFI OG NOKO ATTÅT :-) 

 

Meir info om vaksina og vaksineanbefalingane finn du her: 

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine/