Det vert vaksinering mot sesonginfluensa onsdag 26. oktober og onsdag 9. november frå kl. 0900 - 1200 på Hadartun. 

VAKSINA KOSTAR KR 150,-.

Personar i desse gruppene er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

- Gravide frå 12. svangerskapsveke

- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim

- Alle som har fylt 65 år

- Barn og vaksne med:

• diabetes type 1 og 2

• kronisk luftvegssjukdom

• kronisk hjarte- og karsjukdom

• kronisk leversvikt

• kronisk nyresvikt

• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

• nedsett infeksjonsforsvar

• svært alvorleg fedme (BMI over 40)

• annen alvorleg eller kronisk sjukdom

 

Saniteten vil servere kaffi. Vel møtt!