Vi vil frå fredag 19. oktober starte opp med e-resept-ordninga. Du vil sleppe å møte opp på legekontoret for å hente resepten din, men i staden gå rett på apoteket og hente ut medisinen din der.

 

Du kan lese meir om e-resept her

 

SAMTYKKE

Legane er avhengige av muntlig samtykke frå pasientane for å kunne sjå om reseptar er utskrivne av andre legar, sjukehus, legevakt, etc. Dette for at vi skal kunne gi meir forsvarlig og oppdatert helsehjelp til våre pasientar. Vi ber derfor om at pasientar som ikkje samtykker til dette gir beskjed om det ved bestilling av reseptar eller på time. Det vil ikkje bli spurd spesifikt om dette ved kvar bestilling.

Det er også åpna ei muligheit for å sjå kva slags reseptar som har vorte henta ut frå apoteket. Dette krev også pasienten sitt samtykke, og vil bli forespurd der det skulle vere aktuelt.

 

VED BESTILLING AV RESEPT VIA SMS

Dersom du bestiller via SMS kan du gjerne samtidig i meldinga di skrive at du samtykker i dette (Eks. di melding "Samtykker") Dersom du ikkje gjer det i 1. meldinga, må vi spørre deg, og du må sende svar igjen. Du blir då altså belasta for 2 SMS'ar.