Vi kjem no til å starte opp med avtalebok på laboratoriet. Det vil seie, at om du skal ta blodprøver, fjerne sting, ta spirometri/audiometri, EKG (ikkje akutte) etc. må du først få deg time til dette på laboratoriet.

 

Dette gjer vi blant anna for å unngå toppar med lang ventetid for deg som pasient. Etter at du har vore på time hos legen din, vil han/ho sette deg på time til laboratoariet, forhåpentleg rett etter legetimen. Eventuelt får du time ein annan dag.