Chlamydia er ein infeksjon i underlivet som hos kvinner ikkje treng gi symptom, men likevel kan gi alvorlege konsekvensar som skade på eggledarar og problem med å bli gravid. Tidlegare var det nødvendig å gjere underlivsundersøking hos kvinner eller føre ein pensel opp i urinrøret hos menn for å ta prøve til påvising av denne infeksjonen. No kan det gjerast i ei urinprøve uten at det er naudsynt med legetime. Urinprøva må takast i eit reint plastbeger og det må gå minst ein time etter siste vannlating før prøva blir tatt. Prøva kan takast på legekontoret eller heime, men den må innleverast seinast 6 timar etter prøvetaking for å gjerast klar til vidare forsending og analyse.

Chlamydiainfeksjon overførast ved samleie. Ein tilrår testing for chlamydia i samband med bytte av partner sjølv om ein ikkje har symptom.