Frå 15. august vil kjernejournal vil vere tilgjengelig for innbyggjarar i Hareid kommune.

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Ho samlar helseopplysningar, noko som er spesielt viktig dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før.

Kjernejournal inneheld informasjon frå offentlege register, kritisk informasjon registrert av legen din og opplysningar du sjølv legg inn.

Desse opplysningane kan du sjå i kjernejournalen din:

  • dine eigne registreringar
  • kritisk informasjon
  • legemiddel
  • besøkshistorikk frå sjukehus
  • logg over kven som har gjort oppslag i kjernejournalen din

 

Kjernejournal erstattar ikkje journalar du har hos fastlegen eller på sjukehus, men er eit viktig supplement, særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

Kjernejournal bidreg til tryggare behandling og kan redde liv.

 

Følg lenke for meir informasjon.