INFLUENSAVAKSINERING 2019

Det vert vaksinering på bygdastova på Hadartun;

Måndag 28. oktober kl. 9?12

Måndag 4. november kl. 9?12

Berre møt opp, det er ikkje timebestilling

Vaksina kostar kr 200,? Du kan betale med kort

Folkehelseinstituttet anbefaler vaksine til:

1. Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1.trimester med anna tilleggs risiko kan vurdere å få vaksine.

2. Alle frå og med fylte 65 år

3. Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim

4. Gravide etter 12. svangerskapsveke (2.og 3.trimester)

5. Gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine

6. Born og vaksne med:

 Diabetes mellitus, type 1 og 2

 Kronisk luftvegssjukdom, hjarte? og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt

 Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

 Nedsett immunforsvar

 Svært alvorleg fedme(KMI over 40)

 Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjande grupper, primært for å beskytte andre:

1. Helsepersonell med pasientkontakt

2. Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar

3. Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Saniteten stiller velvillig opp med kaffi og noko attåt!

Hareid helsestasjon