Senteret sitt bannerbilde

Hvordan bestille time?

Det er mange som kontakter oss og derfor kan det dessverre av og til vere litt ventetid på telefonen. Om du vil gjere det enkelt og spare tid kan du nytte deg av SMS-meldingar til oss. Start meldinga med HAREID navnet ditt fødselsdato og stikkordmessig kva meldinga gjeld, og send meldinga til 2097.

Døme på ei melding kan vere:
HAREID Ola Hansen 040519 Vond hals. helst time i dag.
HAREID Ola Hansen 040519 Ny resept på blodtrykksmedisin
HAREID Ola Hansen 040519 Time hos fastlegen min ved høve

Kvar melding koster 6 kroner som blir belasta telefonrekninga di.

Meldinga kan sendast når som helst på døgnet. Vi sjekker meldingane kvar morgen og fleire ganger dagleg mandag til fredag, og sender svar så raskt som mogleg.

Du kan også bruke Helserespons sin app for å sende melding til oss. Last den ned frå App Store eller Google Play og legg inn nødvendig info, velg Hareid Legesenter og send melding til oss. Du kan også her velge å legge inn f.eks. barn eller andre du vil bestille time for. Prisen per melding er den same som for vanlig SMS.

Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send HAREID navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ønske om endring av time til 2097. Legen kan ta seg betalt for manglande frammøte og avbestilling seinare enn 24 timar før avtalt tid.

Hvordan bestille resepter på faste medisiner?

Du kan bestille reseptfornying på faste medisinar over telefon, telefax eller SMS: Send SMS HAREID navn fødselsdato og kva medisin det gjeld.

Reseptar bestilt før klokka 11 kan normalt hentast etter lunsj same dag. Vi kan også sende reseptar i posten eller med fax til apoteket mot eit ekspedisjonsgebyr.

Hugs å bestille reseptar i god tid, særleg før ferien.