Senteret sitt bannerbilde

Øyeblikkelig hjelp og legevakt

Ved svært alvorleg sjukdom eller skade der det HASTAR STERKT å kome i kontakt med lege eller ambulanse, skal ein nytte telefon 113 heile døgnet.

Legane har kvar sin dag i veka med øyeblikkelig hjelp.

Dersom du treng akuttime samme dag må du nytte den legen som har øyeblikkkelig hjelp denne dagen.   


Legevakta er i samarbeid med Ulstein på ettermiddag og kveld og i samarbeid med Ørsta, Volda, Herøy, Sande i tillegg om natta.

Legevakta i Hareid og Ulstein har ikkje fast base men bruker kontoret til den legen som har vakt. Den dekker tidsromet 15 - 22 på kvardagar og 08 - 22 laurdagar og søndagar.

Laurdagar klokka 10 - 15 og Søndagar 11 - 16 har legevakta hjelpepersonell på kontoret sitt.

Dersom du har behov for legehjelp i helga, er det fint om du kontakter legevakta tlf 116117 i dette tidsrom  og ikkje venter til litt lenger ut på dagen når legen er uten personell. 


Nattlegevakta dekker tidsromet frå 22 til 08 og har lokaler ved Volda sjukehus.

Både om kvelden og natta skal ein først kontakte legevakta på telefon. Legevaktsentralen 116117 formidlar kontakt til vakthavande lege.