Senteret sitt bannerbilde

Hareid Legesenter

Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakta med oss så enkel som råd.

Når du ringer er det viktig at du fortel legesekretærane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg, og dei må også prioritere kva telefonar legane må ta. Som oftast vil legen ringe deg tilbake mellom to konsultasjonar, rundt lunsj eller mot slutten av arbeidsdagen.

Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og derfor av og til ein del ventetid. Dersom det er samtalar som hastar svært mykje, så kan du ringe legevaktsentralen 116 117. Dei har ei direkte linje inn til oss.

Du kan også bestille time, fornye reseptar og liknande via SMS. Sjå ramma til høgre.

Du kan også gratis laste ned Helserespons sin app frå App Store eller Google Play og sende melding til oss via den. Der kan du også legge inn barn eller andre du vil bestille time eller resept til.



Aktuelt

Ny fastlege Camilla Berg Natvik

30. januar 2019

Det er ei glede å ynskje Camilla Berg Natvik velkomen som ny fastlege ved Hareid legesenter.

Ho tek over stillinga til Eirik Ytterland og starter 11. Mars. 

Velkomen til oss.

Eirik Ytterland sluttar.

30. januar 2019

 

Fastlege Eirik Ytterland sluttar i stillinga si hos oss 31.januar.

Han går over i stilling som fastlege ved Klipra legesenter i Ålesund.

Vi vil takke Eirik for innsatsen ved Hareid legesenter og ynskje lykke til i ny jobb.

 

 

ÅPNINGSTIDER JULA 2018!

19. desember 2018

Julafta STENGT
Tysdag 25. desember STENGT
Onsdag 26. desember STENGT
Torsdag 27. desember 09.00 – 14.00
Fredag 28. desember 09.00 – 14.00
Nyttårsafta STENGT
Tysdag 1. januar STENGT

Ved behov for legehjelp utanom åpningstida, kontakt legevaktformidlinga 116117.

Ved akutt sjukdom og skade ring 113.

God jul!

Influensavaksinering 2018

25. oktober 2018

Det vert influensavaksinering på Hadartun mandag 29. oktober og mandag 5. november kl 09.00 - 12.00. 

Sjå Hareid Kommune si nettside for meir info.

Sigurd Vålandsmyr Holen - ny fastlege

19. juli 2018

Sigurd Vålandsmyr Holen tok til i stillinga til Kristian Wennevold 1.mai. Han er i tillegg til fastlege også sjukeheimslege.

SIGVE SYNNES - NY FASTLEGE

6. april 2018

24. april tek Sigve Synnes til som fastlege hos oss. Han tek over fastlegelista til Gunnar Saunes, som går av med pensjon. 

Vi takkar Gunnar for lang og tru teneste og ynskjer han lukke til med pensjonisttilværet.

Vi ynskjer Sigve velkomen til oss!

ÅPNINGSTIDER PÅSKA 2018!

20. mars 2018

Mandag 26. mars 0800 - 1500
Tysdag 27. mars 0800 - 1500
Onsdag 28. mars STENGT

Ved behov for legehjelp utanom åpningstid, kontakt Legevaktformidlinga på tlf. 116117.

God påske!

Bilderesultat for påskekylling

KONTORET STENGT TYSDAG 20. MARS MELLOM KL. 08.00 OG 09.00

14. mars 2018

På grunn av intern kursing held vi stengt tysdag 20. mars frå kl. 08.00 til kl. 09.00. Ved behov for legehjelp i dette tidsrommet ring legevaktformidlinga 116 117. Ved ulykker eller alvorleg sjukdom ring nødnummer 113.

NY LEGE

20. februar 2018

Kristian Wennevold sluttar i stillinga si hos oss 28.februar. Vi ynskjer han lykke til i ny jobb på kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. 

Det er då gledelig at vi får nok ein ny og dyktig lege: Sigurd Vålandsmyr Holen. Han startar i stillinga 2. mai.
Dei andre legane ved kontoret vil vikariere for pasienter på denne lista i mars og april. 
 

GYNEKOLOGISK UNDERSØKELSE - SPØRSMÅL OM KVINNELIG LEGE

5. januar 2018

Det er mange som ønskjer time med kvinnelig lege hos oss for til dømes gynekologisk undersøkelse. Dette har vi ikkje kapasitet til per dato. Ein må dermed nytte eigen fastlege, alternativt kan ein bestille time hos privat gynekolog. FRISK-senteret på Moa har to kvinnelege gynekologar. Der kan ein bestille time sjølv direkte, utan henvisning frå fastlege. Prisen ligg noko høgare hos private enn hos fastlegen.

Les flere nyheter